Kva skal til for å skape debatt?

Ein stadig større del av det offentlege ordskiftet i Norge skjer på konferansar og seminar, i regi av organisasjonar, bedrifter og offentlege etatar. I det algoritmestyrte medielandskapet er desse arrangementa viktig for den opplyste offentlege debatt.

Difor er det også viktig at sakene som skal opp til diskusjon fenger, skapar engasjement og ei forståing for kvifor akkurat dette temaet er viktig. Gode vinklingar, spissformulerte problemstillingar og tydeleg fokus bidrar til at dei som deltar i debatten veit kva som er forventa av dei, og at publikum forstår bodskapen betre.

Det er lett for at eit debattpanel har for mange deltakarar, med for like profilar. Det er motsetnadane som skapar energi og framdrift, og desse må dyrkast når debatten skal skapast. Difor er det viktigare kva deltakarane seier og meiner, enn kva stand og stilling dei har. Enkelte gonger treng også eit fagtungt panel eit anna perspektiv og ei anna stemme inn, enn ein først tenker.

Førebuinga er halve jobben, minst. Det er gjennom grundig research og inngåande samtaler med debattdeltakarane i forkant at dei gode vinklingane kjem fram, og overraskande poenga kjem fram. At debattleiaren har svært god samfunnsforståing og lang erfaring som journalist og programleiar sikrar fokus og temperatur.