– Fordi eg også har vore ein tur utanlands i fredsoppdrag for Forsvaret, og har eit stort spenn i erfaringa mi, brukar eg å seie at eg har hatt oppdrag både for NATO og P2.

RingSend e-post

Dette er Haugsbø

  • Over 20 års erfaring som journalist og programleiar i NRK, i program som Dagsrevyen, Sommeråpent, Forbrukerinspektørene, TV-aksjonen og Brennpunkt
  • Tidlegare mangeårig leiar for Stiftelsen for en Kritisk og Undersøkende Presse, som kvart år deler ut den høgthengande SKUP-prisen
  • Tidlegare presseoffiser for NATO i Kosovo
  • Tidlegare kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp

Håkon Haugsbø er ein anerkjend norsk journalist programleiar. Han er kjend for sitt skarpe blikk og nærgåande tone i intervjua, og for likevel å behalde ei lun stemning og ein avslappa tone.

I ei årrekke var han NRK Brennpunkt sitt ansikt utad, og forvalta graveredaksjonen sitt truverde og tyngde i mange krevjande saker. Gjennom journalistjobben har Haugsbø møtt menneske frå alle samfunnslag, og i alle slags livssituasjonar.

Som debattleiar og moderator er Haugsbø rutinert og strukturert. Han evnar å halde tråden gjennom kompliserte temaer, og skape temperatur og framdrift i samtalene han leiar. Haugsbø ser poenget der andre ser problema.

Gjennom debattserien «Vestfrontmøtet» frå Olavsfestdagene på NRK P2 sommaren 2018 viste Haugsbø både at han meistrar å få fram det beste i folk i dei menneskenære og kjenslege møta, og at han får sett kompliserte temaer på spissen så dei blir engasjerande og opplysande.

Haugsbø har gjennom si lange journalistkarriere og kommunikasjonsjobben i Kirkens Nødhjelp opparbeidd seg djup innsikt i norsk og internasjonalt samfunnsliv, han er kunnskapsrik og breidt orientert.

I Kirkens Nødhjelp bygde han opp ei ny kommunikasjonsavdeling, profesjonaliserte organisasjonens kommunikasjonsarbeid – og var med å endre profileringa av Kirkens Nødhjelp som ein solid og effektiv leverandør av livreddande naudhjelpsinnsats.

Som mangeårig forkjempar for norske journalistar i vervet som SKUP-leiar har Haugsbø opparbeidd seg eit betydeleg kontaktnett i norske redaksjonar og mediehus.

Våren 1999 var Haugsbø programleiar for TV-øverføringa frå Stortinget, då utanriksminister Knut Vollebæk gjorde det kjent at Norge same morgon, saman med NATO-allierte hadde gått til åtak på Slobodan Milocevic sine styrkar i Kosovo. I den historiske augneblinken i NRK’s stortingsstudio bestemde Haugsbø seg for at han skulle vere med i første linje når fredsbevarande styrkar seinare skulle gå inn i det «frigjorde» Kosovo. I juli same år var han ein av dei første norske stabsoffiserane som Forsvaret sende til NATO-operasjonen i Kosovo. Han tenestegjorde der i eit halvt år.

Den journalistiske tyngda og lange erfaringa frå felten, kombinert med bakgrunnen som kommunikasjonssjef for ein av nordens største humanitære aktørar, gir Haugsbø ein solid kompetanse i strategisk kommunikasjon. Han har solid erfaring med omdømmearbeid, krisekommunikasjon, og målgruppetilpassa kommunikasjon på alle plattformer.